Først av alt, eg har byrja å skrive på nynorsk. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg synast alt let så mykje betre på nynorsk. Så derfor har eg bestemt meg for å skrive meir nynorsk no. Kanskje er eg påverka av at eg no bur på vestlandet, kor omtrent alt skjer på nynorsk, men det er nok ein eldre fascinasjon som ligg bak også. Eg har alltid likt Are Kalvø, og han gjer nokre fantastiske kåseri på nynorsk. Og kanskje er det ein draum å ein dag kunne skrive like godt som Kalvø, kven veit? Men no er det ikkje sånn at eg berre kjem til å skrive på nynorsk framover, eg ser for meg at det vert ei fin blanding – sånn berre for å ha litt variasjon i kvardagen.
Men det var ikkje det eg skulle skrive om no. No har eg nemleg gjort noko eg har tenkt på nokre dagar; eg har omsett ein songtekst frå spansk til nynorsk. Og det er ikkje ein tilfeldig tekst eg har valt, men ein song som traff meg ein dag eg var ute og gjekk ein tur. Songen er skreve og framført av Juanes, ein colombiansk singer-songwriter. Den heiter «Nada Valgo Sin Tu Amor», og er henta frå albumet «Mi Sangre». I 2005 vart songen kåra til «Best Rock Song» under «Latin Grammy Awards». På norsk vert vel tittelen noko sånt som «Eg er ikkje verdt noko utan din kjærleik». Eg har gjort nokre endringar i ordlydar og meiningar, og tilpassa den litt til meg. Uansett, dette er ein vakker song, og viss dykk er interesserte i den ordentlege teksten (på spansk med engelsk omsetjing), kan dykk sjå på lyricsdownload.com. Eg anbefalar også at dykk høyrer på songen, som i seg sjølv er nydeleg. Den ligg sjølvsagt ute på YouTube:
Vel, her er min versjon:
Utan din kjærleik er eg ingenting
Etter kvart som åra går og vi vert gamle
Byrjar vi forstå
At skadane veg mykje meir
Enn alle åra samla
Derfor vil eg leve resten av mine år
Saman med deg, min evige kjærleik
Saman med familien
Saman med mine venner og min penn
For eg er ikkje verdt noko
For eg har ingenting
Om eg ikkje har det beste
Og det er din kjærleik
Og ditt nærvær
I mitt hjarte
Og det er betre å vere eit år forsinka
Enn å vere eit århundre utan deg
Og det beste er
Når hjartet er godt og fullt
Derfor ynskjer eg at din kjærleik
Alltid skal vere sterk i mitt sinn
Enten vi er langt unna
Eller om vi nærmar oss slutten
For eg er ikkje verdt noko
For eg har ingenting
Om eg ikkje har det beste
Og det er din kjærleik
Og ditt nærvær
I mitt hjarte
Eg er så svak når eg er utan deg
Og eg vert sterk når du er her hos meg
Utan deg veit eg ikkje kva det vil seie å leva
Livet mitt er ein tunnel utan ditt ljos
Eg vil vere meir med deg
Ta tilbake all den tida vi har mista
Overvinne all angst
Og berre vere med deg for evig tid
For eg er ikkje verdt noko
For eg har ingenting
Om eg ikkje har det beste
Og det er din kjærleik
Og ditt nærvær
I mitt hjarte
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar