På fredag skreiv eg nokre ord
Nett der, nett då
Var dei svært viktige for meg
Det var essensielt at eg hugsa dei
Så eg skreiv dei i den vesle boka mi
For seinare å kunne bruke dei i den store
Men i dag har dei inga meining
Nett dei orda
Eg skreiv ned for å hugse ideen
Men det hadde eg ikkje trunge
For ei av dei eg skreiv orda om
Har no gjort dei same orda verdilause
Eigentleg burde eg ikkje skrive no
Ikkje nett no
Men same kor mykje eg prøver
Kan eg ikkje la det vere usagt
Eit vreide byggjer seg opp inni meg
Er det mogleg å vere så utakknemleg?
”Eg håpar ho behandlar deg som du fortener”
Ja visst!
Da kan eg i det minste stryke dei frå boka mi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar