fredag, mai 02, 2008

Var det dumt?

I dag kyssar eg deg
Enten du vil
Eller ikkje
Så får vi sjå
Kva som skjer
Verre vert det jo ikkje
Uansett

Slutte å høyre på hjernen no
På tide å sleppe til hjartet
Ikkje vere fornuftig
Lete instinkta ta over
Så får vi sjå
Kva som skjer

Men så vart det ikkje sånn
Det skjedde ikkje
Ikkje i dag
Feigheita tok overhand
Som ho alltid gjer

Det er berre eit spørsmål om tid
Ikkje i dag
Kanskje ikkje i morgon
Men før det er for seint

Og sikkert også
Før det eigentleg
Passar seg

Og så får vi sjå
Kva som skjer

Var det dumt?

1 kommentar:

Anonym sa...

good one, kjære!:) Stolt av feigheten din:)